Ruby Red & the Moonshine Brothers består av seks oslobaserte sørlendingar som spelar rootsmusikk på sitt eige vis. Her blir sørlandsk naivitet og blodig amerikansk alvor blanda saman med hardingfele og hissige gitarriff. 

Sidan bandet spelte sin første konsert for tre år sidan, har publikum vore begeistra for samspelet, den litt uvanlege instrumenteringa, vokalist Marte Herwells noko Dolly Parton-assosierade stemme og dei tøffe og varierte låtane. Bandet har dei siste åra spelt mykje på festivalar på Sørlandet, men fleire gonger i året fyller dei pubar og utestader i Oslo, der dei får folk til gynge i takt og danse seg klamme. 

CC: 80,-
Id: 20-år