Svarteper er eit skranglete folkrock band med hang til skarpskodde viser og spaghettiwestern ispedd psykedeliske overtoner og personlege undertekster.

Bandet liker å dra i gang eit lurveleven utan like. Midt i dette skriv Herman Kvelprud dikt og viser med sting. Små anekdoter om bygdisen sitt harde møte med metroseksualitet og storbyens kalde stål, til kvardagslege dagdrøymerviser om å finne lykke i melankolien og sjå lyset der sola alder skin. 

Svarteper har røter frå det ville vesten i Hallingdal, nærmare bestemt cowboylandet på Ål. Dei er flaska opp med Hellbillies på kasset og Tolv Volt (Stein Torleif Bjella) på cd og hyppige besøk av amerikanske slektninger, noko som har gjeve varige mén.

Mirakelorakelet har spådd at 2016 står i Svartepers teikn, og desse bygdisane er ikkje vanskeleg å be. Det blir derfor både singel og plateslepp utover våren i lag med eit kosmisk klimaks der lauv sprett og fuglesang kvin.

Herman Kvelprud, gitarer og vokal.
Terje Vesterøy, gitarer og kor.
Lars Jonas Bergo, tangenter og kor.
Tobias Flottorp, baritone, bass og kor.
Arne Steinar Myrvang, slagverk og kor.

CC: 100,-
ID: 20-år
Velkommen.